Eksperimentelt er mitt ordval i skildringa av Fantastia med eit ord. Her er bilda tilpassa musikken i stor grad, og det er rikt på fantasi og litt fantastisk.
Eg har sansen for musikken, og likar godt innslaget med Mikke og trollmannen. I resten av Fantasia må eg sei det rett ut at eg kjedar meg stort.
Fantasia er ein kollasj av kortare innslag som baserer seg på kjente musikkstykke, og viser sine visuelle tolkingar av desse. Det er dyr, blomstrar og fargar, og det er litt datert.
Eg har nok meir sansen for film med historie, og ikkje så glad i det abstrakte. Eventuelt var eg ikkje innstilt på akkurat dette, eller så glad i denne forma for abstraksjon.
Så det er nok først og fremst den litt dryge kjensla av å sitte gjennom dette som pregar meg når eg skriv no. Filmen har sine kvalitetar, og er ikkje eit dårleg handverk per se. Eg går likevel bort frå å nemna dei, for å gi meir trykk til mitt poeng.