- Filmdagbok

Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore

Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore er den tredje Fantastic Beasts-filmen. Ein serie filmar som foregår i det same oppdikta universet som Harry Potter.

Det har gått fire år sidan eg såg Fantastic Beasts: The Crimes of Grindelwald, som denne filmen er eit framhald til. Eg saknar umiddelbart at filmen etablerer historie og karakter på nytt og på ein måte som gjer at eg kan få maks utteljing sidan eg hadde gløymt alt som skjedde i den førre filmen.

Men etter kvart så fell brikkene på plass, litt etter litt. Det går seg til som ein kurant film som underheld sånn passe bra, men det blir ikkje full klaff. Ein ting er at det er for mange karakterar, som me kjem for lite inn på. Har filmen ei hovudrolle? Den tidlegare hovudrolla Newt Scamander er anonym nok til at eg blir usikker.

Historia som knyt filmen saman er god nok. Det går an å henge med på kva som skjer. Sjølv om filmen har mange innslag av actionscener som verkar meir påtvungne enn nødvendige. Desse hadde kanskje fungert betre om eg brydde meg meir om karakterane.

Heilskapsinntrykket mitt er at dette er ein passe midt på treet film, utan for mykje mål og meining. Som sjølvstendig historie er det ikkje all verden. Som framgang i ei større og samanhengane historie på tvers av filmar gir det ikkje stort meining heller.

Men det er ikkje all verden som skulle ha blitt gjort for at dette blei ein strammare og betre film heller. Så det er nok positivt bak støyen til at eg kan la meg underhalde.

#Fantastic Beasts #Wizarding World