Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fantastic Four (2005)

Fantastic Four

Film
2

Ein slapp actionkomedie som eg ikkje har så mykje fornuftig eller positivt å uttale meg om. Jessica Alba er som vanleg eit nydeleg skode, men resten av gjengen her ser eg ingenting i. Dei har ikkje den gode karismaen ein superhelt skal ha, og filmen blir for anonym. Spesialeffektane klarar seg godt, men det er ikkje grunn nok til å sjå filmen. Skal eg ha eksplosjonar og heile den pakka finst det nok av andre filmar å velje mellom som held ein høgare standard enn denne.

Poenget med filmen er vel først og fremst å more publikum og by på livlege bilde og eit livleg lydspor. Han er også rimeleg kort. Kanskje er ei djupare historie utelaten med vilje. Eller kanskje held ikkje budsjettet til meir spesialeffektar.

Det enkle og lettbeinte er nettopp det Matt Adcock på Darkmatters (darkmatt.blogspot.com) likar ved filmen. Han finn glede i at han kan lene seg tilbake og la eventyret rulle, og trekker særleg fram Chris Evans og Michael Chiklis. Eg saknar meir karisma og noko å engasjere meg i. Me har nok sett mykje av det same, men for meg er ikkje det lettfordøyelege i seg sjølv nok til å gjere filmen morosam.

Eg kunne tenke meg ein film som ikkje kjennest så enkel og banal, og trass i dei svimlande 100 millionar amerikanske dollarane på budsjettet kjennest litt billeg. Eg har nok ein del folk i mot meg på dette område, for totalinntekta på verdsbasis er visst over 300 millionar. Så eit publikum har filmen hatt.