Fantastic Four - Filmdagbok

Fantastic Four 2005

Ein slapp actionkomedie som eg ikkje har så mykje fornuftig eller positivt å uttale meg om. Jessica Alba er som vanleg eit nydeleg skode, men resten av gjengen her ser eg ingenting i. Dei har ikkje den gode karismaen ein superhelt skal ha, og filmen blir for anonym. Spesialeffektane klarar seg godt, men det er ikkje grunn nok til å sjå filmen. Skal eg ha eksplosjonar og heile den pakka finst det nok av andre filmar å velja mellom som held ein høgare standard enn denne.

Poenget med denne filmen er vel ikkje anna enn å more publikum og gi eit livleg bilde og lydspor, han er også rimeleg kort, noko som enten er fordi ei djupare historie er utelate med vilje, eller fordi budsjettet ikkje held til meir enn dette med spesialeffektar.

Eg kunne tenke meg ein film som ikkje kjennest så enkel og banal, og trass i dei svimlande 100 millionar amerikanske dollarane på budsjettet kjennest litt billeg. Eg har nok ein del folk i mot meg på dette område, for totalinntekta på verdsbasis er visst over 300 millionar. Så eit publikum har filmen hatt.