Fantastic Mr. Fox

Fantastic Mr. Fox

Har du sansen for Wes Anderson, som mellom anna har laga The Royal Tenenbaums og The Life Aquatic with Steve Zissou, så bør du få med deg Fantastic Mr. Fox.

Wes Anderson har eit auge for detaljar og viser dette på ein tydeleg måte, utan at det går på rekning av flyten i filmen. Verken dette eller andre kjente estetiske grep manglar når han med Fantastic Mr. Fox har laga sin første animasjonsfilm, med punktfotografering.

Karakterar og replikkar er òg eit resultat av det som ikkje kan vere anna enn full kontroll av Wes Anderson under produksjonen. Historia til Roald Dahl, som filmen er basert på, forblir likevel alltid det viktigaste. I lag utgjer alt dette det meste du kan forvente av ein slik film.

Det som held denne i frå å bli ein endeleg film, er at han på fleire område er for lik The Life Aquatic with Steve Zissou, og gir inntrykk av å vere ein kopi i animert form. Personane og forholdet dei i mellom, dei estetiske grepa, forteljarstilen. Å unngå ei samanlikning er umogleg, og eg held ein knapp på The Life Aquatic with Steve Zissou. På ei anna side er det slik som dette eg gjerne vil sjå Wes Anderson lage film.

Fantastic Mr. Fox (2009) – Filmdagbok