Far and Away - Filmdagbok

Far and Away 1992

Dei unge filmstjernene Tom Cruise og Nicole Kidman tar opp skjermen i periodefilmen Far and Away frå 1992.

Det handlar om to irske personar, han frå ein fattig bakgrunn og ho frå ein rik, som drar i lag over Atlanterhavet til USA. Året er cirka 1893, draumen er få sitt eige stykke land.

Filmen handlar i største grad om reisa, stoppa og hindringane. Det er ein både alvorleg og litt humoristisk film, altså ein publikumsvennleg film.

Tom Cruise og Nicole Kidman er eit fint par på film, men eg saknar litt meir spenning mellom dei. Filmen ligg og lurer er par hakk under det eg håpar på heile vegen. Han drar i land det heile på ein grei måte, og lengda på nesten to og ein halv time er også innanfor i denne samanhengen, men eg kunne tenke meg at kjenslene stakk djupare.

Mykje kjem av forma. Dette er ein film av si tid, og grepa ser ikkje ut til å inkludere dei mest heftige melodramatiske.