Fast & Furious Presents: Hobbs & Shaw - Filmdagbok

Fast & Furious Presents: Hobbs & Shaw 2019

Fast & Furious Presents: Hobbs & Shaw er ein film kor du omtrent kan slå av hjernen din og flykte unna kvardagen. Han går fort frå null til hundre. På kanskje 20 minuttar har han spelt ut alle korta sin. Det er ikkje kjedeleg, men det er litt rart å sjå at Dwayne Johnson er sjefen, men knapt får spele ein karakter. Han har sine augneblinkar, og det er gode kampscener i byrjinga. Idris Elba får ikkje gjort stort ut av seg, og Jason Statham er ein fornøyeleg actionskodespelar.

Det heile er føreseieleg nok, og spelelengda på to timar og 20 minuttar er litt for lenge. Eg forventar ikkje mykje ut av The Fast and the Furious-serien, men litt meir enn det Fast & Furious Presents: Hobbs & Shaw bydde på.