Fast Food Nation - Filmdagbok

Fast Food Nation 2006

Richard Linklater har gjort det, han har skapt ein film som verkar som indirekte samfunnskritikk, og som framstår som eit godt drama. Med seg har han fått eit godt skodespelarensemble som hjelp på å gjere samanhengane i filmen interessante.

Sidan eg ikkje sjekka for godt før eg sette meg ned med filmen, forventa eg meg ein komedie. Det eg fekk var sjokkerande sanningar om sør-amerikansk hurtigmatproduksjon. Handlingane som blir gripe fatt i tar plass i småbyen Cody, som husar tallause hurtigmatkjeder, samt eit av dei største slakteria i USA. Fiktive namn blir brukt.

Alle sider av industrien, frå slakting til produksjon, planlegging til sal, får me fortalt kortare historier, fletta laust saman på ein enkel måte. Ei kjede med namnet Mickey's er tråden, og alle folka har ikkje nødvendigvis noko med kvarandre å gjere.

No skal eg ikkje prøve å forklare så mykje meir om kva filmen går ut på, sidan det lyser gjennom at det handlar om mat, og at ei brutal sanning skal fram. Eg går eg over til filmen som heilskap i staden.

To timar varer han i. Det er litt i lengste laget, men Richard Linklater har mange historier han vil fortelja. Han viser litt frå her og der, og gir oss nok synspunkt og forteljingar å fordøye. Meir som ein kollasj enn ei historie som går mot ein slutt. I mine auger er dette gode saker, eg likar filmar som torer å kritisere. Og som gir oss tid til å bli godt kjent med enkelte folk, likevel om det går på rekning av andre.

Dette blei ein del fram og tilbake føler eg, Fast Food Nation er ikkje den lettaste filmen å skrive om. Han gjorde inntrykk og fekk meg til å føle avsky enkelte stader, andre er den for snill på. Mange kjente ansikt dukka opp på skjermen og gav mang ei aha-oppleving utover filmen. Bruce Willis dukkar opp i ei enkelt scene der han viser kor god skodespelar han er, for så å forsvinne igjen.