Fast Girls handlar om jenter som kan springe. Det er to jenter som konkurrerer mot kvarandre. Ei har satsa på eiga hand eller med lite profesjonell hjelp. Ho andre har hatt eit stort apparat rundt seg. At dei er rivalar gjer dei begge betre. Og til sjuande og sist skal dei konkurrerer for England begge to.
Som ein ukomplisert sportsfilm og delvis ei underdog-historie er Fast Girls ein fin sak. Det er ikkje den største spenningen i sporten, noko filmen prøver å bøte på i å bygge opp litt historie rundt det personlege ved karakterane.
Blant det beste med filmen er for min del poenget med at konkurranse medfører betre resultat. Om du vel å satse er målet å bli best, og da må du konkurrere med dei beste. Det høyres enkelt ut, er enkelt, men det skal ikkje meir til her.