
Fast X
Kva kan eg seie om Fast X, ein oppfølgar i Fast & Furious-franchisen som eg har sagt det meste om før? Her er det ingenting nytt å melde om. Det tek lang tid før filmen set seg godt og blir noko som helst. Lenge vekslar filmen mellom å vere Vin Diesel som pratar om familie og ser forbi kamera, og slagsmål som oppstår straks ein person går inn i ei scene og seier to ord. Det heile er ein parodi på både actionfilmar og sin eigen franchise.
Med ei lengde på over to timar og tjue minuttar så vil eg sei at omtrent ein og ein halv time av filmen er bortkasta. Likevel klarar han å snu seg rundt og gjere dei høgst urealistiske og halsbrekkande actionsekvensane i siste del av filmen litt spennande. Men det handlar kanskje meir om tempoet der og då, og mindre om karakterane og historia.
I tillegg viser det seg at filmen ikkje har ein slutt, men skal halde fram i Fast X Part 2. Eg såg ikkje behov for å lese meg opp om Fast X på førehand, så dette var ei litt skuffande overrasking. Utan at eg legg så mykje i det heller.
Mangelen på ei avslutning irriterer òg Brian Tallerico på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han opplever filmen som ei samling gamle høgdepunkt og meiner gjentakinga nærmar seg parodi. Jason Momoa og nokre actionsekvensar gir likevel liv til opplevinga. Det liknar mi eiga vurdering. Farten kan vere underhaldande der og då, men han erstattar ikkje ei historie som kjem nokon stad.
