Hopp til hovedinnhold
Plakat for Faster (2010)

Faster

Film
3

Faster er ein film frå 2010 med Dwayne Johnson. Han spelar ein eksfange som straks han kjem ut frå fengselet dreg for å drepe nokon. Kvifor skal eg ikkje gå meir ut på. Filmen doserer akkurat nok med historie utover, og avslører passe mykje med ny informasjon undervegs til at dette gir meining. Det byrjar som ein lett og rett fram film, men utvidar seg.

På nokon områder er filmen enkel og teit. Men det er laga på ein måte som at filmskaparen er bevisst på det, og at nivået på filmen skal vere slik. Så resultatet er ein kurant spenningsfilm som for min del leverte akkurat så mykje som eg kunne forvente og håpe på. Det hjelp sjølvsagt at gode skodespelarar som Dwayne Johnson og Billy Bob Thornton er med og legge seriøs innsats i han.

Meir enn ein rein actionfilm, meiner Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com). Han framhevar dei rolege partia og korleis karakterane gradvis viser fleire sider, med særleg ros til Billy Bob Thornton. Det passar med mi oppleving av ei historie som utvidar seg undervegs. Den seriøse innsatsen gir dei enkle sjangergrepa nok tyngde til at eg blir med vidare.