Hopp til hovedinnhold
Plakat for Faster, Pussycat! Kill! Kill! (1965)

Faster, Pussycat! Kill! Kill!

Film
4

Faster, Pussycat! Kill! Kill! kl. 00.40 var avsluttingsfilmen under Katakombefilm og hadde overraskande god oppslutning, trass i tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte han litt betre.

Det er ein spesiell film som eg ikkje heilt klarar å bestemme om er god eller dårleg. Skodespelet og handlingane er dårleg gjennomførte, men det er svært så underhaldande å sjå ein gjeng galne stripparar terrorisere folk.

Gjort oppmerksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klipping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykte, men aldri utelatne. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller.

Eit anna blikk på filmen finst på Wide Screen World (widescreenworld.blogspot.com), der historia blir lesen som ein slags film noir under den opne ørkenhimmelen. Dei omsynslause kvinnene, svika og planen om pengar gir ei anna ramme enn berre den ville framferda. Eg er framleis usikker på kor god filmen eigentleg er, men ein slik inngang gir noko meir å følge ved sidan av bilkøyringa, kameraarbeidet og den underlege underhaldningsverdien.