Faster, Pussycat! Kill! Kill! - Filmdagbok

Faster, Pussycat! Kill! Kill! 1965

Faster, Pussycat! Kill! Kill! kl. 00.40 var avsluttingsfilmen under Katakombefilm og hadde overraskande god oppslutning, trass i tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte han litt betre.

Det er ein spesiell film som eg ikkje heilt klarar å bestemme om er god eller dårleg. Skodespelet og handlingane er dårleg gjennomførte, men det er svært så underhaldande å sjå ein gjeng galne stripparar terrorisere folk.

Gjort oppmerksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klipping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykte, men aldri utelatne. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller.