Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fat City (1972)

Fat City

Film
3

Fat City handlar om småboksarar og livet deira i Stockton, California. Det rufsete, grå uttrykket sit frå første stund. Den typen 1970-talsrealisme kan fort bli tung. Likevel er det noko her som held det oppe.

John Huston har regissert. Han let oss følge Billy Tully, ein 29 år gamal eks-boksar på veg nedover i livet. Og den unge Ernie Munger, som han møter på eit treningssenter. Og som er på veg opp. John Huston hadde visst sjølv erfaring som boksar frå ungdommen. Han viser at han kan formidle kjennskapen til miljøet utan å romantisere det.

Tully er ikkje lett å heie på. Han drikk, slengjer seg rundt og drøymer om eit comeback som verkar håplaust. Stacy Keach er verkeleg god i denne rolla. Men eg likar betre å følge Jeff Bridges som Ernie. Han tilfører filmen energi. Han er ung og nesten litt naiv. I kontrasten mellom dei to har filmen mykje å seie. Dei er knapt ti år frå kvarandre i alder, men for den eine er høgdepunktet i livet kanskje over. For den andre så ligg den framfor han. Det er litt brutalt.

Hos Every John Huston Movie (everyjohnhustonmovie.blogspot.com) blir skodespelet til Stacy Keach trekt fram som ein av dei største styrkane til filmen. Skribenten meiner derimot at Jeff Bridges har ein langt enklare rollefigur å arbeide med. Ernie blir nærmast eindimensjonal samanlikna med Tully. Det er interessant, for eg opplevde det nesten motsett. Stacy Keach er god, men det er Jeff Bridges som gir filmen litt liv. Kanskje handlar det meir om kontrasten mellom dei to enn om kven som spelar best.

Fat City er ein dyster film. Stundom kan kjensla bli vel masete. Men filmen er ikkje berre eit portrett av folk som søkk nedover. John Huston gir karakterane sine varme eller sjel på eit vis, så eg kan ha litt medkjensle.

Fat City er ikkje ein film eg likar altfor godt. Men han enda opp med å bli betre enn eg trudde nokre minuttar inn i filmen. Det mørke tynger, men det er ei god og ærleg historie som er vanskeleg å sjå bort frå.