Father Christmas - Filmdagbok

Father Christmas 1991

Bak Father Christmas står forfattaren som òg skreiv The Snowman, og ved eit punkt i filmen møter snømannen og guten julenissen, dette skal visst vere året etter handlinga i The Snowman gjekk føra seg.

Father Christmas kom ti år etter The Snowman, animasjonen er litt sprekare, det er meir humor og julenissen har fått ei stemme. Bak stemma står Mel Smith, ein fyr eg sjølv kjenner best igjen frå julesonghiten Rockin' Around the Christmas Tree, som gjerne skulle ha fått plass i kalenderen.

Father Christmas er basert på to bøker, desse portretterer julenissen som ein noko ulik fyr enn me kjenner han som frå vanleg. Han er ein gammal, irritert gubbe som bur i eit vanleg hus i eit vanleg nabolag, ein stad i England. I Father Christmas vert han såg lei av julemaset at han avgjer å ta ein ferie, før han vender tilbake til juleførebuingane nok ein gong.

Filmen vert vel verd å sjå på grunn av den særeigne framstillinga av julenissen, som drikk seg full på ferie og bannar heile tida, og fordi han samstundes styrer seg inn att mot å verta ein skikkeleg julefilm til slutt.