
Father of the Bride
Steve Martin spelar hovudrolla i denne Disney-nyinnspelinga av den klassiske filmen frå 1950.
George Banks (Steve Martin) er ein far som slit med tanken på å miste dottera si, som har funne ein mann ho vil gifte seg med.
Handlinga følger bryllaupsførebuingane. Martin Short dukkar opp som ein eksentrisk bryllaupsplanleggar. Father of the Bride er sett i eit moderne miljø, anno tidleg 1990 altså.
Filmen har ein god variasjon av tema. Familie, økonomi, endring. Det er mange fargeklattar av karakterar her, og dei går alle godt saman. Eg kan sette pris på Martin Short, som er over toppen tullete. Men både motspelet og samspelet mellom han og Steve Martin har ei god utvikling.
Eg tykker at filmen treff. Sjølv om nokre overdrivingar kan vere litt mykje. På sitt beste klarar relasjonane å røre. Alt i alt likte eg denne komedien.
Under komikken ligg ei enkel endring i familien. Interpreting the Stars (daveexaminesmovies.wordpress.com) framhevar historia om å godta ein ny person og forstå at barna ikkje alltid er barn. Omtalen tykker ikkje at filmen er like morosam ved eit gjensyn, men rosar kjemien som gjer dei varme stundene moglege. Det er nettopp relasjonane som held overdrivingane på plass for meg, når George Banks gradvis må sleppe litt av kontrollen.
