Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fatso (2008)

Fatso

Film
4

Fatso sin flodhest minner om den i One Crazy Summer med John Cusack, men der sluttar likskapen.

Her er det meste godt på plass, ei søt svensk jente på ei side, og ein sjenert, norsk sofagris på den andre. Lubne Nils Jørgen Kaalstad har tidlegare vist seg som ein god skodespelar, og gjer også Rino med stil. Gjennom den eine flaue augeblinken etter den andre får me både gullkanta komiske resultat og eit seriøst blikk inn i hovudpersonen.

Det svakaste med filmen er når Rino opplagt går ut av rolla si og skal oppfylle hollywoodske konvensjonar. På slutten skjer det ei karakterendring som ikkje passar inn.

Det såre bak dei flaue situasjonane får også plass hjå Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner Nils Jørgen Kaalstad gjer Rino truverdig, og at komikken fungerer fordi me også får sjå ein mann som slit i kvardagen. Det er nettopp den forankringa som gjer dei beste delane verdifulle for meg. Difor merkar eg det ekstra godt når utviklinga på slutten kjennest meir som ei pålagd løysing enn som eit naturleg steg for Rino.