I Huo yuanjia har Jet Li tatt steget ned frå den kunstnariske scena frå Ying xiong og flytta seg frå den amerikanske typen slåstfilm som Unleashed var tilbake til den type film som eg først var kjent med han gjennom, filmane hans frå tidleg på 1990-talet.
Huo yuanjia, som på engelsk heiter Fearless, er ein fin balansert film med fokus på god slåsting og godt drama. Filmen er ikkje lengre enn 1 time og 40 minuttar, men klarar likevel å servere ei godt fortalt livshistorie, sett i mine auger. Dette kan sjåast i at det ikkje blir spedd på med overdådige naturbilde, likevel om det nok er meir av det her enn det eg hugsar i frå Wong Fei Hung-trilogien.
Av slåstscener unngår regissør Ronny Yu flygande dragar, men gir oss heller god film-wushu. Kanskje ikkje heilt naturleg det heller, men heller vaierar enn dataanimasjon. Sidan eg elles likar denne type film, og her får det både godt produsert og utan dubbing, så må det blir dobbelt tommel opp.