Feast er ei morosam og blodig affære der ei gruppe menneske er samla i ein bar utanfor allfarveg under eit angrep av ukjente, mogleg utanomjordiske, drapsglade vesen. Det som gjer filmen verdt å legge merke til, er at han snur og vender på det meste publikum har fått servert tidlegare, og gjer folk oppmerksam på ting for deretter å lure oss trill rundt.
For å få mest utbytte av Feast bør du difor ha sett eit par av denne typen film før, menneske mot eit eller anna drapsglad vesen. Men det er ingen føresetnad. Humoren er tydeleg, som under introduksjonane til karakterane i form av tekst med namn, yrke og forventa levetid. Men eg saknar ein skarpare kant, for Feast er ofte for sløv. Då er det mengder med blod og gørr som dominerer, grotesk utan like, men utan botn.
Det som gjer filmen for meg er sjølvmedvitet framfor alt anna, som ikkje blir meir enn ein altfor standard grøssar.