Nokon forhold verkar for utanforståande å vere dømt nord og ned frå første møte, mens andre er det stikk motsette. Feast of Love handlar om forhold i ulike variantar, og ein mann som er flink til å lese menneske og forstå kva som er i ferd med å skje i det dei skal møte.
Det stikk ikkje så mykje djupare enn dette. Han som er flink til å lese folk gjer det berre ved eit par høve, så det er ikkje noko filmen fokuserer spesielt mykje på. Det gir ein interessant innfallsvinkel og gjer oss oppmerksam på kor mykje flinkare nokon er til å oppfatte korleis andre rundt seg har det og oppfører seg.
Resten av filmen er eigentleg berre ein rekke av kjedelege forhold og enkel eller føreseieleg dramatikk. Eg legg som regel ikkje lista så høgt i romantiske drama, men tykkjer denne blir for platt og uinteressant i lengda. Me blir ikkje god nok kjent med mange nok av karakterane, og mykje av filmen endar opp med å vere ei overflatisk gjennomgang av det uinteressante livet til nokon.