Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ferrell Takes the Field (2015)

Ferrell Takes the Field

Film
2

Ferrell Takes the Field er ein HBO-spesial som kan vere verdt å nemne. Han er laga til støtte for Cancer for College, og handlar om at Will Ferrell skal spele for ti ulike baseballag, i løpet av fem kampar, på ein dag.

Will Ferrell spelar med sitt vanlege seriøse ansikt, og snakkar ned om alt og alle, men opp om seg sjølv og bragda han utfører. Dette gjer at den elles kjedelege og innhaldslause filmen får ein humoristisk vri som ror han i hamn.

Det er ein film som trass i godt formål og litt komedie eigentleg ikkje kan forsvare sin eksistens. På ei anna side synest eg Will Ferrell er morosam og totaltida er på under 50 minuttar, så det går an. Det er nok mi forventing til dette som noko meir og noko meir morosamt som gjer at eg blir skuffa.

Dustin Rowles på Pajiba (pajiba.com) meiner heller ikkje at dette er spesielt innhaldsrikt eller fullt av store latterutbrot. Han set likevel pris på den sjølvgode figuren Will Ferrell spelar, og at filmen sluttar før opplegget blir heilt utslite. Det er nær det som reddar han for meg også. Skuffinga ligg mest i at eg håpa den enkle ideen skulle gi endå fleire morosame stunder.