Ferrell Takes the Field er ein HBO-spesial som kan vere verdt å nemne. Han er laga til støtte for Cancer for College, og handlar om at Will Ferrell skal spele for ti ulike baseballag, i løpet av fem kampar, på ein dag.
Will Ferrell spelar med sitt vanlege seriøse ansikt, og snakkar ned om alt og alle, men opp om seg sjølv og bragda han utfører. Dette gjer at den elles kjedelege og innhaldslause filmen får ein humoristisk vri som ror han i hamn.
Det er ein film som trass i godt formål og litt komedie eigentleg ikkje kan forsvare sin eksistens. På ei anna side synst eg Will Ferrell er morosam og totaltida er på under 50 minuttar, så det går an. Det er nok mi forventing til dette som noko meir og noko meir morosamt som gjer at eg blir skuffa.