Fido opnar med ein informasjonsvideo i velkjent, amerikansk 1950-talsstil, der historia om korleis zombiar oppstod, utløyste krig og etter kvart blei kontrollert av menneska, til bruk som slavar. Og kontrollorganisasjonen Zomcon blir skrytt opp i himmels.
Miljøet er den perfekte forstaden, 1950-talet, der alle har sin eigen huszombie. Filmen spelar på kontrasten mellom blodsglade beist og eit tilsynelatande idyllisk, verna samfunn. Men lykkast aldri i å bli interessant. Til det er han for steril. I blant skjer både eting og skyting, men kjensla av å vere i ein håplaus situasjon er aldri til stades. For meg eit viktig element i zombiefilm, også i ein zombiekomedie.
Hadde det ikkje vore for litt blod ville eg forveksla dette med ein familiefilm. Med den misforståtte ungen i hovudrolla, og der nesten alle vaksne er vonde. Carrie-Anne Moss lykkast å flørte med kamera og står for den einaste kjemien som er å finne her.
Meininga bak filmen tolkar eg, ved at han framstiller eit velfungerande, men skrudd samfunn der våpenbruk og dreping er naturleg integrert, vil få fram ein eller annan dobbeltmoral. Berre synd det blir så tamt i utføringa. Zombiane blir aldri skumle, humoren er altfor søt.