Filantropica - Filmdagbok

Filantropica 2002

Rumensk film er eit sjeldan syn for underteikna. Europeisk film generelt om det ikkje er noko som står seg ut på ein eller annan måte. Kva som er grunnen til at eg ikkje ser meir europeisk film er vanskeleg å svare på, for det finst så absolutt ein god del bra greier å velja mellom.

Som denne filmen her, ein komedie om den fattige forfattaren og læraren Ovidiu som i forsøk på å tene inn pengar på si debutbok, kjem i kontakt med ein stiftelse som spesialiserer seg på å gi tiggarar historier dei kan bruke for å tigge betre. Ovidiu er perfekt til å bli prøvekanin for ei meir profitabel tiggarframsyning, også kjent som svindel.

Å kombinere ein fattig lærar med svindel og Romania fungerer godt. Årsaka er ein kombinasjon av mindre kunnskapar om kulturen og levestandarden til landet, med det inntrykket av at folk flest i Aust-Europa har det vanskelegare enn oss. Når det gjeld amerikansk film og fattige der, så er det eit inntrykk som blir pøst på så mykje gjennom eit større konsum av film og serie frå den kanten, at det ikkje har same effekten.

Men Filantropica er først og fremst ein svart komedie, og såleis skal more meg. Dette er ingen film eg blir trist av eller tykkjer synd i folk av. Det er ei fin historie med gode karakterar i ei noko spesiell verd.