Etter The Pacifier var det ikkje godt å vite kva Vin Diesel ville finne på som sin neste film, men når eg så filmtraileren til denne filmen sette eg han kjapt på vil sjå-lista mi. Filmen er meir enn filmtraileren var, med ekte old style gangstermusikk og favorittdvergen Peter Dinklage (The Station Agent).
Sjølvsagt er det ikkje berre dette som gjer filmen god, Vin Diesel gjer ei morosam rolle som Jackie Dee, utan å gå over streken i dumskap. Linus Roache klarar å stå fram som ein oppegåande snill skurk, og unngår å bli framstilt som folkefiende.
Med sine litt over to timar skulle eg fort tru det kunne bli kjedeleg, men eg føler filmen utviklar seg, og går så fort i tida han strekker seg over at det fungerer. Eg er lite kjent i rettssalsjangeren, bortsett frå å ha sett eit par episodar Judging Amy, og har danna meg eit bilde av at ein rettssal er vitneutspørjing og holding av talar. Filmen gjer ikkje noko nytt og er for det meste dette, og blir ikkje det helt store i overraskingar. Men som film går det likevel. Eg kan framleis ikkje helt sjå for meg Vin Diesel gjere anna enn å springe rundt og lire av seg typiske slengkommentarar. La oss håpe på fleire utypiske roller for han i framtida.