
Finders Keepers, Lovers Weepers
Russ Meyer er synonymt med film fullstappa av nakne kvinner med store bryst. I Finders Keepers, Lovers Weepers dreier handlinga seg om ein strippeklubb og er eit enkelt ransforsøk. Før den harde kriminaliteten tar over filmen er det 45 minuttar med mild action. Ein relativt stor del når filmen klokkar inn på 65 minuttar.
Å forsvare karakteren er vel strengt tatt unødvendig, men det må tilførast at filmen òg inneheld herleg skodespel, dristig kameraføring og ein lettfatteleg leksjon i fascinasjon menn har for kvinnelege former.
Den korte omtalen på Trash City (filmblitz.org) er langt mindre velvillig. Skribenten meiner filmen brukar så lang tid på å kome i gang at interessa forsvinn før ranet får fart. Eg legg også merke til kor seint kriminaliteten tek over, men finn meir verdi i vegen dit. Skodespelet og den dristige kameraføringa gjer at den enkle handlinga ikkje er det einaste eg har å feste meg ved.
