Finding Father Christmas er ein Hallmark-julefilm frå 2016. Filmen er av typen romantisk drama, og er hakket mindre overfladisk enn andre Hallmark-filmar eg har sett av nyare tid.
Det handlar om ei kvinne som mista mora som ung. I vaksen alder har ho ikkje vore så stor fan av juletidene, då bortgongen til mora skjedde då. Men så ein dag så kjem ho over eit spor som kan føre ho på veg til å finne ut kven faren var. Dette har ho aldri visst. Sporet sender ho til ein liten småby, der folk kjenner kvarandre, er glad i jula og elles hyggelege.
Av fine og gode ting med Finding Father Christmas er ting som eigentleg burde vere på plass i alle filmar. Det er gode skodespelarar som formidlar karakterane sine godt, med ei passe god djupt og innleving. Dei spelar både godt i lag, og for seg sjølv. Det har ikkje nødvendigvis vore slik i alle andre liknande julefilmar eg har forsøkt meg på. At filmen også har eit passe seriøst tema, gjer at han siktar mot og treff på ei stemning og ein tone som passar godt med at dette er ein julefilm.
Men ha ikkje for høge forventningar til dette heller. Her er det falsk snø, overdådig julepynting og mange andre produksjonsrelaterte innslag som plassere filmen i kategorien julefilmar på budsjett. Det gjer meg ikkje stort mykje, då eg forventa det. Men eg blei positivt overraska over innsatsen til skodespelarane. Blant anna Hallmark-stjerna Erin Krakow i hovudrolla leverer godt, og har god kjemi med andremannen Niall Matter.
Blant mykje middelmådig julefilm på straumetenestene som eg har komme over i år, så er denne over middels. Det må seiast å vere bra.