Hopp til hovedinnhold
Plakat for Finding Normal (2013)

Finding Normal

Film
3

På veg med bil frå Los Angeles til New York blir Dr. Lisa Leland stoppa i fartskontroll i ei lita sørstatsbygd på 300 innbyggarar. Som seg hør og bør i ein komedie med dette utgangspunktet, hatar ho plassen. Men ho må bli, for straffa hennar blir 16 timer med sivilteneste som ho må gjere som lege i bygda.

Dette er ein typisk film om å sette det enkle livet, langt unna storbyen, over bylivet. Ein dose forkynning har dei også fått plass til. Og sjølv om eg er ueinig i det som filmen vil seie med dette, ser eg gleda i å kunne velje det livet som passar meg best.

Candace Cameron Bure spelar hovudrolla i filmen, og er for meg like ukjent som resten av besetninga. Dei gjer ein grei jobb, det er ingen som utmerker seg som spesielt interessante for framtidig filmsjåing, og ingen som utmerker seg som negative.

Finding Normal er nok så midt på treet og maks grei nok at han sannsynlegvis vil bli gløymt fort. Eg får ingen inspirasjon til ettertanke, men greier meg når det pågår. Litt kjedeleg innimellom.

På Box Office Revolution (boxofficerevolution.wordpress.com) er vurderinga langt strengare. Skribenten finn lite liv i karakterane og meiner småbyoppskrifta er for velkjend til å gi noko nytt. Eg kan akseptere meir av det enkle, men kjenner igjen problemet. Når filmen alt har bestemt kva eg skal sitte igjen med, treng eg betre folk og situasjonar undervegs for at reisa dit skal bli meir enn grei nok.