
Fireflies in the Garden
Eg er usikker på kva Fireflies in the Garden prøver på. Visst er dei ulike delene av filmen tydelege nok, som forsøket på å takle ein dårleg barndom, sorg, familietrøbbel og slikt.
Totalen er for meg eit svakt resultat av sine delar. Som surrar i veg utan at for mykje ser ut til å skje. Det kan vere ein kunst å skape ein roleg og jamn film der ein del skjer mellom linjene. Fireflies in the Garden er på ein uforståeleg måte ein film der lite skjer føre kamera, mellom linjene, men likevel på ein annan måte.
Dei mange delane heng heller ikkje saman for David Fear på Time Out (timeout.com). Han meiner filmen vil seie noko viktig om å sleppe taket i fortida, men ikkje klarer å veve dei ulike historietrådane saman. Det treff noko av det eg slit med. Eg ser kva slags tema filmen prøver å samle, utan at dei blir til ei heilskapleg oppleving som gir meg meir enn dei enkelte delane.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg kjeda meg gjennom denne filmen. Og keisemd er det største minuset til filmen.
