Hopp til hovedinnhold
Plakat for First Blood (1982)

First Blood

Film
4

John Rambo (Sylvester Stallone), tidlegare soldat frå spesialstyrkane, æresmedjalert og einaste attlevande frå troppen sin. Will Teasle (Brian Dennehy), sheriff i småbyen Hope, fordomsfull og glad i å kjede seg. Her blir det eit realt krasj i personlegdomar frå første sekund.

Denne første Rambo-filmen leverer i overkant når det gjeld stereotypar, så mykje at eg har problem med å venne det til meg i løpet av filmen. Reint bortsett frå dette er filmen grei, og har ei akseptabel historie som grunnlag for handlingane til karakteren Rambo.

Grunnlaget for å sjå filmen var ikkje anna enn å sjå rein og skjær action utan djupare meining, og når Rambo likevel har litt djupare meining, som fordømminga av tidlegare Vietnam-soldatar, så får eg jo meir enn eg håpte. Dette fungerer greit nok det, på ein dag som denne med fullstendig utskeiing på den sosiale fronten og heller masse film.

Sylvester Stallone kan få sjølv det usannsynlege til å kjennast overtydande. Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) rosar særleg det fysiske skodespelet, men meiner filmen forklarer bodskapen for tydeleg mot slutten. Der er han strengare enn eg var. Eg fann veteranperspektivet som eit ekstra lag i ein film eg først og fremst såg for actionen, sjølv om dei grove stereotypane gjorde det vanskelegare å leve seg heilt inn.