First Blood - Filmdagbok

First Blood 1982

John Rambo (Sylvester Stallone), tidlegare soldat frå spesialstyrkane, æresmedjalert og einaste attlevande frå troppen sin. Will Teasle (Brian Dennehy), sheriff i småbyen Hope, fordomsfull og glad i å kjede seg. Her blir det eit realt krasj i personlegdomar frå første sekund.

Denne første Rambo-filmen leverer i overkant når det gjeld stereotypar, så mykje at eg har problem med å venne det til meg i løpet av filmen. Reint bortsett frå dette er filmen grei, og har ei akseptabel historie som grunnlag for handlingane til karakteren Rambo.

Grunnlaget for å sjå filmen var ikkje anna enn å sjå rein og skjær action utan djupare meining, og når Rambo likevel har litt djupare meining, som fordømminga av tidlegare Vietnam-soldatar, så får eg jo meir enn eg håpte. Dette fungerer greit nok det, på ein dag som denne med fullstendig utskeiing på den sosiale fronten og heller masse film.