Hopp til hovedinnhold
Plakat for First Descent (2005)

First Descent

Film
4

Først av alt, eg er ingen snøbrettentusiast, men eg elskar kvite fjell og puddersnø. First Descent serverer oss historia om snøbrettet kort og godt, frå revolusjonen, gjennom evolusjonen og 1990-talet til no, som ein parallell til hovuddelen av filmen som er snøbrettkøyring i Valdez, Alaska.

Me møter me store ikon innan snøbrettkøyring, spreidd over fleire generasjonar. Shawn Farmer, Terje Håkonsen, Nick Perata, Hannah Teter og Shaun White. Nokon av dei er rutinerte free style-køyrarar, mens Hannah Teter og Shaun White er nye i terrenget.

Filmen er 105 minuttar lang, full av eventyr og eit nydeleg landskap, og sjølvsagt snøbretthistorie som nemnt over. Så det er ikkje berre 105 minuttar med usamanhengande endelause stunt, som ski- og snøbrettfilmar ofte er. Ikkje at det nødvendigvis er noko dårleg. Her får du eit alternativ som heng godt saman som film.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) saknar ei betre forklaring på korleis snøbrettkøyrarane førebur seg på farane i fjellet. Han blir lei av gjentakingane og meiner filmen fortel for lite om sjølve utfordringa. Eg får meir ut av blandinga av historie, køyring og landskap, men innvendinga er interessant. Det er forskjell på å vise kor imponerande noko er og å få oss til å forstå korleis det går an.