Først av alt, eg er ingen snøbrettentusiast, men eg elskar kvite fjell og puddersnø. First Descent serverer oss historia om snøbrettet kort og godt, frå revolusjonen, gjennom evolusjonen og 1990-talet til no, som ein parallell til hovuddelen av filmen som er snøbrettkøyring i Valdez, Alaska.
Me møter me store ikon innan snøbrettkøyring, spreidd over fleire generasjonar. Shawn Farmer, Terje Håkonsen, Nick Perata, Hannah Teter og Shaun White. Nokon av dei er rutinerte free style-køyrarar, mens Hannah Teter og Shaun White er nye i terrenget.
Filmen er 105 minuttar lang, full av eventyr og eit nydeleg landskap, og sjølvsagt snøbretthistorie som nemnt over. Så det er ikkje berre 105 minuttar med usamanhengande endelause stunt, som ski- og snøbrettfilmar ofte er. Ikkje at det nødvendigvis er noko dårleg. Her får du eit alternativ som heng godt saman som film.