Fjols til Fjells er ei kryssing mellom nyinnspeling av, oppfølgjar til, inspirert av og nytolking av Fjols til Fjell med Leif Juster frå 1957. Det er både ein dryg komedie, ein film med rom for ein del tull, og ei frustrerande samling av forvinklingar. Og her er det nok det siste som trekk ned for min del. Eg blir litt stressa av forviklingskomediar, dersom det er håplause karakterar som er skuld i dette. Utan roen til å nyte filmen, set eg ikkje så stor pris på han som eg kunne ha gjort. Men det er berre ein del av filmen.
Fjols til Fjells fungerer fint som ein påskefilm, der tid og tema er påskeferie på Trysil. Filmen bevegar seg i landskapet til ein svart komedie, og handlar om ei uventa død og bestikking. Det er også plass til å skildre ungdommeleg festkultur og snyltande hyttenaboar. Målet i enden av tunnelen er ein bonus, men filmen i grunn mest om humoren undervegs, og litt mindre om kva slutten blir.
Som lett komedie, noko eg også forventa, så innfridde Fjols til fjells. Han hadde humor, men var ikkje perfekt. Han er også ganske så annleis enn Fjols til Fjell frå 1957, så ha det i tankane om du vel å sjå han.