
Flags of Our Fathers
Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse kjenslene så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.
Her er det solide dosar maskingevær og trauma, samt politikk. Men det er også ein film som stikk djupare i tolkinga av kva ein helt eigentleg er. Filmen handlar om ei gruppe soldatar som var med å sette opp eit flagg på den høgste toppen på den japanske øya Iwo Jima, og som blei avbilda og raskt gjort til amerikanske heltar som direkte årsak av dette. Dei finn seg ikkje til rette som heltar og kan ikkje skjønne kvifor dei, som ikkje gjorde anna enn å overleve, skal bli sett høgare enn andre soldatar.
Kven som blir gjort til helt, og kvifor, er kanskje det mest interessante spørsmålet filmen stiller. Rick DeMott på Animation World Network (awn.com) meiner filmen viser korleis slike heltebilde blir skapte fordi andre treng dei. Han finn likevel at hoppa mellom tidsplana somme tider gjer det vanskeleg å halde oversikta. Eg opplevde heilskapen som meir samanhengande, men er samd i at det er undersøkinga av helterolla som gir filmen tyngd.
Med sine to timar har heller ikkje filmen overdrive lengda til krigsfilm å vere, og det blir god tid til å gå i djupna på kva som skjer på øya, helteturneen i ettertid og det avsluttande kapittelet. Ingen ting tykker å vere gjort unødvendig og eg fann meg sjølv i å sitte som oppslukt den siste halvtimen, utan tanke om anna. No ser eg svært mykje fram til Letters from Iwo Jima, som eg trur kan bli betre enn denne til og med.
