Hopp til hovedinnhold
Plakat for Flight of Fancy (2000)

Flight of Fancy

Film
2

Ein gong i min barndom såg eg nokre minuttar av denne filmen. Han gjorde inntrykk på meg og nokre biletehar blitt verande i tankane mine i 25 år. Det var på tida kor Lois & Clark: The New Adventures of Superman var favorittserien min og Dean Cain var helten, så det gir meining.

I nokre år leita eg etter filmen, utan å heilt vite kva han heitte. Før tanken på eit gjensyn gjekk i gløymeboka. For ikkje lenge sidan kom eg på det igjen, fann igjen filmen basert på skodespelaren og at han handla om fly, og fann ein stad som hade filmen.

Eg forventa lite, og gjensynet var ein nedtur. Det hadde eg rekna med, men eg ville sjå han likevel. Spesielt sidan eg aldri såg meir enn litt den gongen som ung, og dermed ikkje hadde gitt han nokon heidersplass i hukommelsen heller.

I korte trekk handlar dette om at Dean Vain nødlandar flyet sitt på ei øy. Din ung gut blir ekstra interessert i flyet. Spe på med nokon drama om ein far som har stukke av, at piloten har sitt å stri med og at flyet må fikast. Legg óg til dårlege spesialeffektar og overnaturlege element, begge delar unødvendig for filmens del.

Dei overnaturlege innslaga skurrar òg for Andre Schnack på dvdcheck (dvdcheck.de), der filmen er omtalt under den tyske tittelen Sturzflug ins Paradies. Han meiner mystikken verkar malplassert, og at historia er prega av klisjear og manglande samanheng. Omtalen ser meir underhaldningsverdi for yngre sjåarar. Det passar med skiljet mellom dei barndomsbileta eg har bore med meg og det langt mindre spennande gjensynet.

Det er tanken om å fullføre som driv meg mest. Filmen har elles ei kurant og tydeleg historie han forteø, så det går greitt. Men gjennomføringa er dårleg. Så eg kjedar meg ein del.

Men no har eg sett filmen eg har tenkt på i 25 år, og det er vel noko eg verdset på eit vis.