
Flora & Ulysses
Film
3
Flora & Ulysses er ein superheltefilm om eit ekorn og ei lita jente. Det er Disney som står for distribusjonen, og det er tydelege Disney-preg over han. Det er ein lett og morosam film med eit snev av alvor og familie som tema. I dette tilfellet står eit dyr med tankeevne og mykje karisma i sentrum.
Skyler Shuler på The DisInsider (thedisinsider.com) rosar særleg kor uttrykksfullt ekornet er, og korleis skodespelarane får møte med det til å verke truverdige. Han meiner filmen er varm og morosam utan å vere banebrytande. Det passar godt med den enkle sjarmen eg finn her. Superkreftene er artige, men kontakten med familien gir dei også ei kjenslemessig side.
