
Flubber
Robin Williams spelar ein distré professor. Han er forlova, men har gløymt bryllaupet fleire gonger på grunn av arbeidet sitt.
Så oppdagar han stoffet Flubber. Det er ein slags levande gummi som har mykje energi i seg. Universitetet han jobbar på gjer det dårleg økonomisk, og realiseringa av verdien i oppfinninga kan vere med å redde det. Men så er det nokon andre som òg vil ha tak i oppfinninga.
Flubber er ei nytolkning av ein film frå 1961. Det kan ein merke på oppbygging og stil. Sjølv om dette er typisk 1990-tals på mange måtar, så er det noko gammaldags over det. Ikkje på eit dårleg vis altså.
Kanskje dette passar best for barn. Eller så er komedien ikkje god nok. Det er små lyspunkt her og der, men det blir i overkant av stunder og teite innslag som ikkje gir meg noko
Robin Williams gjer ein god figur, men karakteren hans kunne ha hatt meir djupn. Eit eller anna meir personleg som kanskje vaksne kunne ha fanga opp, utan at det gjekk utover dette som barnefilm.
Robin Williams får mykje av æra for at professoren i det heile er sympatisk på H.A.K.’s Reviews (haksreviews.blogspot.com). Omtalen meiner karakteren er dårleg skriven, men at skodespelaren sin vanlege sjarm reddar noko. Skribenten finn dessutan framleis glede i oppfinningane frå barndommen. Det passar med mistanken min om at filmen fungerer betre for barn. Dei leikne ideane har appell, medan menneska rundt dei får for lite å spele på.
