Hopp til hovedinnhold
Plakat for Flushed Away (2006)

Flushed Away

Film
4

Nyaste sprellet frå Aardman Animations er ein fullverdig animert film, altså ikkje den tradisjonelle modelleirevarianten selskapet vanlegvis held seg til.

Årsaka ligg ikkje i modernisering, det ville simpelt hen bli umogleg å modellere vatn til desse grader, eller bruke vanleg vatn som er skadeleg for modelleire. Stilen er likevel behalde, og detaljane er så gode at enkelte sniglar ser meir modelleireaktige ut enn delar av Wallace & Gromit: The Curse of the Were-Rabbit-filmen gjorde.

Animasjonsfilm eller leire, dette er ein rimeleg rett fram eventyrfilm. Helten Roddy blir ufriviljug trekt ned i do, møter ei jente, støyter på ein vond og mektig skurk, må redde rottehovudstaden frå total undergang, og lengtar heim. Gjennomført med silkehanskar og eit auge for detalj, masse referansar og god britisk humor overraska filmen positivt etter filmtraileren tidlegare skuffa.

Dei små detaljane gjer mykje av jobben her. Skribenten på From Pantperthog to Knockando (pantperthog.blogspot.com) rosar særleg dei visuelle vitsane som filmen ikkje stansar opp for å vise fram. Me må følge litt med for å få dei med seg. Det er ei fin forklaring på kvifor eit så velkjent eventyr likevel blir så morosamt. Historia er enkel, men Aardman fyller henne med ting det er verdt å sjå etter.

Som vanleg har blitt i animasjonsfilmar har også Flushed Away søte og tøffe små hjelparar. Madagascar hadde pingvinane, Ice Age hadde ekornet, og Flushed Away har stilige sniglar som kan synge.

Den beste animasjonsfilmen i år blir eit vanskeleg val. Cars eller Flushed Away.