Hopp til hovedinnhold
Plakat for Flying Padre (1951)

Flying Padre

Film
2

Den første filmen til Stanley Kubrick var Flying Padre. Padre er spansk (og italiensk) for fader, så dette her handlar altså om ein fader, og i dette tilfelle ein flygande prest. Flygande som i eit privat, motorisert fly, som den aktuelle Fred Stadmueller brukar til å nå folk i sitt store bispedømme.

Ikkje spesielt interessant, men heldigvis berre åtte minuttar lang. Dessutan minner dette meg mistenkeleg mykje om ein episode av gode, gamle Skippy the Bush Kangaroo. Mest på grunn av likskapen mellom helikopteret der og flyet her.

J. Luis Rivera finn meir å verdsette i kameraarbeidet og klippinga på W-Cinema (w-cinema.blogspot.com). Samstundes meiner han dei oppstilte situasjonane og den konvensjonelle forteljarstemma gjer filmen stiv, og han vurderer han som den svakaste av dei tre tidlege kortfilmane til Stanley Kubrick. Det gir eit meir nyansert bilete av kvifor dette ikkje engasjerer særleg. Teknisk interesse og historisk kuriositet treng ikkje vere nok til å halde sjåaren fanga.