Focus - Filmdagbok

Focus 2015

Focus er ei passe typisk glamorisering av tjuvar på film. Ingrediensane som utgjer filmen er flotte miljø og luksuriøst ekstrautstyr. Ingenting feil med det. Når du har med svindlarar å gjere, så blir det ofte til at det også handlar om partnarar som lurer kvarandre, og som du aldri helt veit kor står. Litt som i ein vanleg spionfilm. Det er dette Focus også handlar om.

Det er underhaldning, og eg lurer på kven som prøver på kva. Men det er alltid lagt opp til at du veit at nokon prøver å lure andre, så den store spenningen er fråverande. Det er mykje overflatisk, som eg forventa av ein Will Smith-sentrert storfilm, men også det er heilt ok.

Både det beste og verste eg kan sei om Focus er at det er akkurat den filmen eg trudde han skulle vere. Heilt grei underhaldning, ukomplisert, stjernefaktor og alt det der.