Hopp til hovedinnhold
Plakat for Follow That Dream (1962)

Follow That Dream

Film
4

Follow That Dream er den andre blant dei ni første filmane med Elvis Presley, som eg i skrivande stund har sett, som verkeleg har imponert. Utan å vite noko om filmen på førehand sette eg meg ned. Dei første minuttane var lange, og eg forventa i den stund lite meir enn ein maks gjennomsnittleg film.

Men etter kvart finn Follow That Dream forma. Familien Kwimper som me blir kjent med i starten, der Elvis Presley, Arthur O'Connell og Anne Helm utgjer den vaksne delen, går tom for bensin langs ein ny bilveg. Dei ventar på hjelp på eit lite landstykke ved bilvegen, og då det viser seg at dei med grunnlag i homestead act får lov til å bli verande der, bygger dei seg eit hus.

Gradvis blir det berre betre og betre. Alt går ikkje som smurt, og det oppstår mange artige episodar. Det som løftar filmen endaåeit hakk er kampen til Kwimper mot staten. Korleis han tar på kornet at staten lett blir eit hinder og ein fiende, men eigentleg skal verne individet.

Elvis Presley spelar den litt dumme, svært heldige og igjen litt smarte Toby Kwimper. Og det er rundt denne karakteren filmen leverer den beste humoren. Så sjølv om rolla er langt frå den mest krevjande Elvis Presley kan ha spilt i, så er det ein av dei betre karakterane.

Tony Pellum på Flickdom Dictum (flickdomdictum.blogspot.com) meiner den oppriktige tonen gjer det lett å godta kor usannsynleg denne draumen eigentleg er. Elvis Presley held den ville fantasien fast i noko menneskeleg, og familien sin siger blir derfor sjarmerande. Eg likar den tanken. Toby er ikkje berre ein vits om ein dum fyr, men ein karakter som får det rare opplegget til å kjennast både morosamt og verdt å heie på.