Follow That Dream - Filmdagbok

Follow That Dream 1962

Follow That Dream er den andre blant dei ni første filmane med Elvis Presley, som eg i skrivande stund har sett, som verkeleg har imponert. Utan å vite noko om filmen på førehand sette eg meg ned. Dei første minuttane var lange, og eg forventa i den stund lite meir enn ein maks gjennomsnittleg film.

Men etter kvart finn Follow That Dream forma. Familien Kwimper som me blir kjent med i starten, der Elvis Presley, Arthur O'Connell og Anne Helm utgjer den vaksne delen, går tom for bensin langs ein ny bilveg. Dei ventar på hjelp på eit lite landstykke ved bilvegen, og då det viser seg at dei med grunnlag i homestead act får lov til å bli verande der, byggjer dei seg eit hus.

Gradvis blir det berre betre og betre. Alt går ikkje som smurt, og det oppstår mange artige episodar. Det som løftar filmen endaåeit hakk er kampen til Kwimper mot staten. Korleis han tar på kornet at staten lett blir eit hinder og ein fiende, men eigentleg skal verna individet.

Elvis Presley spelar den litt dumme, svært heldige og igjen litt smarte Toby Kwimper. Og det er rundt denne karakteren filmen leverer den beste humoren. Så sjølv om rolla er langt frå den mest krevjande Elvis Presley kan ha spilt i, så er det ein av dei betre karakterane.