
Fong juk
Fong juk er stilig, ytst stilig. Bygd opp som ein typisk gammal spaghettiwestern med Clint Eastwood, sett til eit moderne Macau, består han av rolege sekvensar med lite dialog veksla med heftig skyting som kan ta pusten frå dei fleste.
Ikkje nok med det, filmen har humor òg. Bisarr eller berre rar, det er ei vurderingssak. Eg tykker han balanserer på ei hårfin linje mellom sprø og sprøare. Opningsvis kjem eit kjempeeksempel på dette, viss du ikkje ønsker å vite noko som kan røpe ei god scene, så hoppar du over neste avsnitt.
To par våpenkyndige gangsterar møter opp for å eliminere eller redde ein mann, Wo. Etter ei dramatisk skytescene i eit umøblert rom inngår dei våpenkvile for å snakke i staden for å skyte. Sidan det ikkje er nokon stad å sitte, møblerer dei like godt rommet først. Dei gjennomfører også ei grov oppussing av skadane.
Lange rolege sekvensar kan få Fong juk, eller Exiled som han også er kjent som, til å verke lang. 100 minuttar er ikkje det verste i grunn, og regissør Johnnie To brukar dei godt på å skape ei gradvis oppbygging. Kontrastane mellom harde, blodige møte og munnspel ved leirbålet eller myntkasting for å avgjere om dei skal rømme mot høgre eller venstre i eit bilkryss, gjer dette til ein tydeleg og enkel film å følge med på. Kjedeleg blir det heller ikkje.
Dei rolege partia er òg viktige på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Skribenten meiner strykarmusikken bygger spenning før utbrota, og at vala mellom venskap og plikt gir den velkjende gangsterhistoria verdi. Det utfyller godt westernkjensla eg får. Når filmen tek seg tid mellom samanstøytane, blir det plass til både forventing og lojalitet, slik at stilen ikkje berre består av kor flott neste skytescene ser ut.
