
Fong Sai Yuk
Dette er ein vill kung fu-komedie. Her går det høgt tempo. Og det er like mykje fysisk humor som det er slåsting.
Jet Li hoppar rundt, flyg i lufta og dansar seg gjennom kampscenene. Det er mykje kreativitet i desse. Ikkje spesielt truverdig, men det er nettopp det som gjer det moro.
Andrew Chan på Neo Film Blog (neofilmshop.com) meiner samspelet mellom Jet Li og Josephine Siao som mor og son er ein viktig grunn til at filmen fungerer. Han rosar dei kreative kampane, men òg varmen og den leikne sjarmen rundt dei. Det utfyller gleda mi over den fysiske humoren. Når personane passar inn i den ville forme, treng ikkje alt vere truverdig for at eventyret skal halde meg underhalden.
Filmen har eit eventyrpreg. Me får romantikk, forviklingar og heltar. Dialogane er over toppen, og det er musikalske innslag her.
Alt heng ikkje heilt saman, og det blir litt mykje av det gode innimellom. The Legend of Fong Sai Yuk er ikkje ute etter å vere realistisk. Han vil underhalde, og det gjer han.
