- Filmdagbok

Footloose

Ultrakonservative Bomont er helvete på jord for ungdommen. Kevin Bacon hamnar her. I rolla som ein moderne rebell med formål viser han seg dyktig med dansesko på, og som myndig ungdomsstemme mot eit system som har gått for langt. Motstandaren John Lithgow gjer ei knallsterk rolle som usympatisk pastor.

Filmen teiknar eit dystert eksempel på overbeskyttande foreldre i eit kristenkonservativt samfunn. Ved sidan av å engasjere er det ein underhaldande ungdomsfilm med lystige tonar, lette trinn og eit tungt pyse ut-løp med traktor, ein James Dean-referanse til ungdomsrebellen.

Footloose var ei positiv overrasking for behandling av tema og godt skodespel.