For Ellen - Filmdagbok

For Ellen 2012

Det var Paul Dano sitt namn som gjorde meg oppmerksam på For Ellen. Dette er ei historie om ein rockemusikar og skilsmissa hans. Paul Dano har teke gode val på kva filmar han har vore med i dei siste årene. Ruby Sparks var ein av favorittane mine i år 2012.

For Ellen var ikkje ein god film. Verken framdrift eller historie bidrar meir enn halvveges. Lange opptak prøver å skape ei seriøs stemning, men det blir heller traudig. Paul Dano sin karakter er interessant fram til då du skjønnar at han ikkje er så spesiell eller djupsindig.

Den unge dottera til Paul Dano i filmen, Ellen, dukkar opp i siste del av filmen. Hennar lågmælte skodespel er sjarmerande og det er når ho dukkar opp at filmen først blir interessant igjen. Men det var for seint til å gjere filmen god, sjølv om slutten ikkje er så aller verst.