For Your Eyes Only - Filmdagbok

For Your Eyes Only 1981

I 2016 skreiv eg følgande om denne filmen: Roger Moore i sin femte av totalt sju James Bond-filmar er ei grei sak, sjølv om ingen av desse filmane er blant favorittfilmane mine om MI6-agenten.

Sjølv om eg i skrivande stund har sett det meste av James Bond, vil eg påpeka at eg mest er interessert, men ingen blodfan. Med tanke på historiene i filmane er det meste midt på treet, og For Your Eyes Only er ingen unntak.

Det er underhaldning i å vera gjenkjenneleg, og i miksen av så mange spesielle karakterar. Det er omfattande, og litt på kanten. I mine auge er ofte James Bond, og denne filmen inkludert, ein typisk filmefilm. Det vil sei ein film som ikkje legg skjul på at det nettopp er ein film. Der realisme og den slags tek baksete i samanlikning med brukte verkemiddel.

I 2022 hadde eg eit gjensyn, og det var ikkje ei så veldig god oppleving. Noko som gjer at eg vel å senke rangeringa eit hakk.