Eg leitte etter ein tidlegare usett film med Sandra Bullock til å strøyme og enda opp med Forces of Nature. Skjebnen ville ha det sånn, kunne eg ha sagt, etter å ha sett ein film som handlar om slikt. Men dette var nok eit bevisst val av film, iallfall til ei viss grad.
Forces of Nature er frå 1999 og har Ben Affleck i hovudrolla, med Sandra Bulloc som protagonist. Dette er ein av dei dårlege filmane med Ben Affleck, der han gjer ein dårleg figur. Det er i blant vondt å sjå på.
Sandra Bullock spelar fargeklatten. Dama som dukkar opp frå inkje, og får karakteren til Ben Affleck til å gjere sprø ting. Alt mens han prøver å komme seg frå New York til Savannah til sitt eige bryllaup. Det er null kjemi mellom desse to. Karakteren til Sandra Bullock er ikkje så interessant eller original og sprø at ho klarer å bere filmen. Ho kunne ha komme unna med det, dersom hovudrolla var solid nok. Ho kjem ikkje unna med det.
Men det er forventingane som avgjer til slutt. Dei var låge, og eg var klar for det lett underhaldning. Dessutan er historia heilt kurant, og filmen har stunder som kunne ha blitt gode med dei rette folk. Dermed kan eg godskrive dette som ei knapt middels oppleving, og vere ferdig med det.