
Ford v Ferrari
Ford v Ferrari fortel historia om Carroll Shelby og Ken Miles, som var med på laget då Ford gjekk inn med ambisjonen om å vinne billøpet Le Mans som varer i 24 timar.
Det er ein film om raske bilar, særeigne personar og kreativitet som møter motgang. Det er ein storfilm som også er innom mange andre poeng, som har til felles at dei er å forvente i ein slik film.
Det høyres noko negativt ut, en er skryt til fordel filmen. Eg meiner dette er ein ganske så komplett film, som overdriv mykje, men gjer det bra og oppnår god effekt.
Christian Bale og Matt Damon er dyktige skodespelarar, og trekkplaster. Dei spelar Miles og Shelby, som veit mykje om både å køyre bil og kva som skjer under panseret.
Oppbygginga til filmen er av det tradisjonelle slaget. Me skal til Le Mans, men må først gjennom ein del vanskelege stunder. Motstanden mot hovedpersonane lurer mange stader, ikkje minst hjå Ford som har gitt dei oppdraget.
Det er velkjente grep i fleng som utgjer Ford v Ferrari. Musikkbruken, filminga, den veldoserte humoren og ei sportsleg historie om å vinne i botn. Eg trur eg kan seie at Ford v Ferrari var akkurat det eg forventa han skulle vere, og det på ein bra måte.
Den kjende oppskrifta er heller ikkje eit hinder for 366 Days of Film (agentmainefilmblog.blogspot.com). Skribenten meiner filmen er så godt laga at dei venta vendingane fungerer, og framhevar korleis billøpa heng saman med interessa for Miles som menneske. Det er mykje av det same eg meiner med at filmen er komplett. Farten får meir kraft fordi me allereie har blitt kjende med mannen bak rattet.
